Kari Bye

Formgjevar, sylvsmed og smykkekunstnar

Vikingskip, dyreornamentikk, rosemåling og folkedrakter er den grunnleggande inspirasjonen i Kari Bye sine smykke, men med leikande og lyriske linjer har ho utvikla sin eigen stil. Ho etablerte seg med smykkeverkstaden KARI DESIGN i 1973 i Colorado, etter utdanninga si der i kunstfag og formgjeving.

Elegant, stilreint og tidlaust er arbeidet frå Kari Bye sin verkstad, som vart utvikla i ei tid då Scandinavian Design var viktig i USA. I 1983 vann ho ein designpris frå International Gold Corporation i New York. Nokre år seinare flytte ho attende til Voss I 1994 hadde ho produkt med i SPOR-kolleksjonen, eit fagleg juriert handverksprosjekt for OL på Lillehammer. Juriens uttale: "Dette er produkter laget av en dyktig og sikker formgiver."

Kari har deltatt på mange utstillingar, internasjonale handverksprosjekt, studiereiser og fagseminar. Ho har mottatt Diplom for Godt Handverk frå Norges Husflidslag og reisestipend frå Folkekulturforbundet. Ho er også ein aktiv skribent og foredragshaldar, særskilt om tema knytt til design og "det skapande menneske".